Gravferd i Telemark

Vi er her for dykk, heile døgnet, heile året. Når livet brått tek ei brå vending, kan det vere godt å ha nokon å lene seg på. Vi tek hand om alt det praktiske rundt gravferd og minnestund, med omtanke, respekt og ro, slik at de kan bruke tida på det som betyr mest.

Vest Telemark Gravferdsbyrå hjelper etterlatne med gravferd, seremoni og minnestund i Kviteseid, Høydalsmo, Eidsborg, Lårdal, Morgedal, Dalen og resten av Telemark.

Ikon - Due

Vi hjelper deg med ei trygg, verdig og personleg avskjed

Å miste ein som står ein nær er noko av det vanskelegaste vi kan oppleve. I ei tid prega av sorg og mange val kan det vere godt å ha nokon ved sida av seg med erfaring, omtanke og oversikt.

Vest Telemark Gravferdsbyrå AS har gjennom mange år hjelpt etterlatne med trygg og verdig oppfølging ved dødsfall. Vi tek hand om alt det praktiske rundt gravferd, seremoni og minnestund, slik at de får ro til å vere saman og ta vare på kvarandre.

Vi hjelper familiar i Kviteseid, Høydalsmo, Eidsborg, Lårdal, Morgedal, Dalen og resten av Telemark. Uansett kvar de er, møter vi dykk med omtanke, respekt og ei personleg oppfølging tilpassa dykkar behov.

Telemarkgravferd.no er en tjeneste levert av Vest Telemark Gravferdsbyrå AS.

Vi hjelper mellom anna med:

Ikon - Blomsterkrans

Planlegging og gjennomføring av gravferd

Vi hjelper dykk med å planleggje ei gravferd som blir gjennomført på ein verdig og personleg måte.

""

Val av kiste, urne og blomar

Vi rettleier dykk i val av kiste, urne og blomar som passar ynske og behov.

""

Transport og offentlege formalitetar

Vi tek hand om nødvendig transport og hjelper med alle naudsynte meldingar og dokument.

""

Kontakt med kyrkje, prest eller annan seremonileiar

Vi koordinerer kontakten og sørgjer for at seremonien blir planlagd i tråd med dykkar ynske.

""

Dødsannonse og minneord

Vi hjelper med utforming og publisering av dødsannonse og minneord.

Vi støttar deg i ei vanskeleg tid

Kvar gravferd er unik. Vi hjelper dykk med å skape ei personleg og verdig avskjed, og tek hand om alt det praktiske med omtanke og respekt. Med lokal tilknyting i Vest Telemark er vi nær når de treng oss.

Kontakt oss

GRAVFERDSSTØNAD

Gravferdsstønad er ei behovsprøvd yting som kan bidra til å dekke utgifter til gravferda dersom dei økonomiske vilkåra er oppfylte.

For personar under 18 år blir det gjeve full gravferdsstønad på opptil 30 898 kroner. For personar over 18 år blir stønaden behovsprøvd og kan bli redusert ut frå formue og tenestepensjon.

Gravferdsstønaden blir utbetalt til avdødes etterlatne månaden etter dødsfallet, til liks med forsikring og andre relevante ordningar.

BÅRETRANSPORT

I Noreg dekkjer NAV utgifter til transport over 20 km når avdøde blir frakta til næraste gravplass i høve bustaden, dersom vedkomande har rett til ytingar frå folketrygda. Ved dødsfall i utlandet eller ved yrkesskade gjeld eigne reglar og ordningar.

Eigenandel for båretransport er i dag 3 090 kr.

Kontakt oss

Besøksadresse:
Knut Askjes veg 125 A
3891 Høydalsmo

hCaptcha

Vanlege spørsmål